Face Value

Face Value
Studioalbum av Phil Collins
Språk engelsk
Utgjeve 13. februar 1981
Innspelt Juni 1980 til januar 1981
Studio
Sjanger
Lengd 47:49
Selskap Virgin
Produsent
Phil Collins-kronologi 
Face Value Hello, I Must Be Going!
(1982)


Singlar frå Face Value
  1. «In the Air Tonight»
    Utgjeve: 5. januar 1981
  2. «I Missed Again»
    Utgjeve: 7. mars 1981
  3. «If Leaving Me Is Easy»
    Utgjeve: Mai 1981
  4. «Thunder and Lightning»
    Utgjeve: November 1981
    (berre Tyskland)

Face Value er debutalbumet til den engelske trommeslagaren og songaren Phil Collins som soloartist, gjeve ut 13. februar 1981 på Virgin Records. Etter det første ekteskapet hans gjekk i grus i 1979, byrja Collins å skrive songar i ein pause frå bandet sitt, Genesis, der mange av songane omhandla livet hans. Albumet vart spelt inn frå midten av 1980 til tidleg i 1981 med Collins sjølv og Hugh Padgham som produsentar. Andre medverkande på albumet var Phenix Horns, Alphonso Johnson og Eric Clapton.

Face Value vart raskt ein stor suksess og gjekk til topps på UK Albums Chart for tre veker og nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard 200. Det har sidan seld over fem millionar eksemplar i USA og 1,5 millionar i Storbritannia. Albumet fekk gode meldingar frå kritikarane. Den første singelen, «In the Air Tonight», kom ut i januar 1981 og nådde andreplassen på UK Singles Chart og vart kjend for trommearrangementet og bruken av gated reverb. I januar 2016 kom Face Value ut på ny med bonusspor og eit nytt omslag som likna på originalen men med eit nytt bilete av Collins på framsida.[4]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet AllMusic
  2. Galluccci, Michael (9. februar 2016). «35 Years Ago: Phil Collins Releases His First Solo Album, 'Face Value,' About His Crumbling Marriage». Ultimate Classic Rock. Henta 22. august 2016. 
  3. Lynskey, Dorian (11. februar 2016). «Phil Collins returns: 'I got letters from nurses saying, «That's it, I'm not buying your records»'». The Guardian (London). Henta 17. mars 2020. 
  4. Reed, Ryan (2. september 2015). «Phil Collins Details 'Face Value,' 'Both Sides' Reissues». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 17. mars 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy