Feltspat

Feltspat

Feltspatkrystall (18×21×8.5 cm) frå Jequitinhonhadalen i Minas Gerais i Søraust-Brasil.
Generelt
KategoriTektosilikat
Kjemisk formelKAlSi3O8NaAlSi3O8CaAl2Si2O8
Identifikasjon
Fargerosa, kvit, grå, brun
KrystallsystemTriklinsk eller monoklin
TvillingTartan]], carlsbad, etc
Kløyvto eller tre
Brotlangs kløyvplan
Fastleik?
Mohs hardleiksskala6.0-6.5
Glansglasaktig
Strekfargekvit
Transparensugjennomsiktig
Spesifikk vekt2.55 - 2.76
Tettleik2.56
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks1.518-1.526
Dobbeltbrytingførsteordens
Pleokroismeingen
Andre eigenskaparavblanda lamell er vanleg
Kjelder[1]

Feltspat er den mest viktige bergartsformande gruppa av mineral og utgjer opp til 60 % av jordskorpa. Feltspatane er essensielle i magmatiske bergartar der mengde og type brukast i klassifiseringa. Feltspatane krystalliserer frå magma både i djupbergartar og dagbergartar. Dei kan òg opptre som kompakte mineral, i gangar og finst i metamorfe bergartar og mange sedimentære bergartar. Feltspatane kan vere fargelause til kvite og lys grå, men det finst òg variantar som er brune, gule, raude, grøne og svarte.

  1. «Feltspat». Gemology Online. Henta 8. november 2012. [daud lenkje]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy