Regi | Guy Hamilton | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Albert R. Broccoli, Harry Saltzman | ||
Manus | Tom Mankiewicz | ||
Basert på | Live and Let Die | ||
Medverkande | Sir Roger Moore, Yaphet Kotto, Jane Seymour, David Hedison, Bernard Lee, Lois Maxwell, Geoffrey Holder, Gloria Hendry, Clifton James, Julius Harris, Alvin Alcorn, Dennis Edwards, Joie Chitwood, Lon Satton, Madeline Smith, Shane Rimmer, Marc Smith | ||
Klipp | Bert Bates | ||
Musikk | George Martin | ||
Sjeffotograf | Ted Moore | ||
Produksjonsselskap | Eon Productions | ||
Distributør | InterCom, Metro-Goldwyn-Mayer | ||
Utgjevingsdato | 1973, 19. desember 1973 (Tyskland),[1] 27. juni 1973 (USA),[2] 12. juli 1973 (Storbritannia),[2] 17. august 1973 (Irland)[2] | ||
Lengd | 121 minutt | ||
Opphavsland | Storbritannia, USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 161 800 000 US-dollar (verdsfemnande),[3] 35 377 836 US-dollar (USA)[4] | ||
Sjanger | blaxploartasjon, spionfilm, actionfilm, romanfilmatisering |
Live and Let Die (frå 1973), nokre gonger kalla Å leve og la dø på norsk, er den åttande spionfilmen i James Bond-serien og den fyrste med Roger Moore i hovudrolla som den fiktive MI6-agenten James Bond. Filmen er produsert av Albert R. Broccoli og Harry Saltzman. Produsentane ville at Sean Connery skulle halde fram etter at han hadde spela hovudrolla i den føregåande Bond-filmen Diamonds Are Forever, men det ville han ikkje. Dermed vart leitinga etter ein ny skodespelar til rolla som James Bond sett i gang, og valet fall på Roger Moore.
Filmen er basert på romanen med same namn av Ian Fleming. I filmen planlegg ein narkobaron kjend som Mr. Big å dele ut to britiske tonn (som tilsvarar litt over 2 norske tonn) heroin gratis, slik at han utkonkurrerer rivalane på narkotikamarknaden. Bond gjer nærmare undersøkingar rundt dødsfalla til tre britiske agentar, noko som leier han til Mr. Big. Han vert fanga i ei verd med gangsterar og voodoo etter kvart som han prøvar å setje ein stoppar for planane til Big.
Live and Let Die vart utgjeven på ei tid då blaxploitation-filmane var på sitt mest populære, og mange stereotypar og klisjear frå denne sjangeren er brukte, slik som afroamerikansk hårsveis, meir eller mindre støtande uttrykk som «honky» ('bleikansikt'), svarte gangsterar og luksusbilar.[5] Han skil seg frå dei tidlegare James Bond-filmane, som omhandla fiendar som ville ta over verda, ved å handle om narkotikahandel. Dette er òg eit trekk frå mange blaxploitation-filmar. I tillegg er handlinga lagt til typiske afroamerikanske kultursentrum, som Harlem i New Orleans og karibiske øyar. Det var òg den fyrste filmen der ei afroamerikansk Bond-dame var romantisk med 007, Rosie Carver som vart spela av Gloria Hendry. Trass i blanda kritikkar grunna bruk av stereotypiske etniske skilnader, vart filmen ein kinosuksess.