Finnar

For fiskeorganet, sjå finne.
Finske folkedansarar.
Finsk familie i 1928.

Finnar kan vera alle statsborgararar av Finland, eller berre dei som har finsk som morsmål. Dette er eit austersjøfinsk språk i slekt med estisk og karelsk, og skil seg frå dei indoeuropeiske skandinaviske og russiske nabospråka.

Dei finsktalande utgjer fleirtalet i Finland, der det og bur finlandssvenskar, samar og ulike innvandrargrupper. Det finst også grupper av utvandra finnar andre stader, som ingermanland-finnar i Russland, skogfinnar og kvener i Noreg og tornedalingar og sverigefinnar i Sverige.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy