Finsk historie

Joan Blaeus Atlas Maior, Magnvs Dvcatvs Finlandiæ (Amsterdam 1662): Kart over Storfyrstedømmet Finland 1662

Finsk historie er historia om ulike innvandra folk i Finland som i eit hardt klima utvikla ein tidleg jordbrukskultur med austlege kulturelle impulsar, men som gjennom årtusena kom i stadig sterkare kontakt med dei germanske nabofolk, og i dag er eit nordisk demokrati. Finland har ein svært lang busetjingshistorie med restar av busetjing frå siste mellomistid for 120 000 til 125 000 år sidan.

Finland har vore utsett for skiftande og sterke stormaktinteresser: Landet var ein del av kongedømmet Sverige frå 1200-talet og fram til 1809 då det vart erobra av Russland – som det sjølvstyrte Storfyrstedømmet Finland. I kjølvatnet av det russiske samanbrotet i første verdskrigen og den russiske revolusjonen i 1917 erklærte Finland sjølvstende. I borgarkrigen mellom sosialistane, «dei raude», og dei konservative, «dei kvite», vant til slutt dei kvite. I løpet av andre verdskrigen var Finland to gonger i krig med Sovjetunionen, og måtte gje opp store delar av det austlegaste landområdet sitt, Karelen. I løpet av 1900-talet utvikla Finland seg frå å vera eit av Europas fattigaste land, til gjennom industrialisering, å verta eit moderne, stabilt demokrati innanfor EU og Norden.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy