Folkemusikk

Folkemusikk frå Kumaon i Uttarakhand i India. Kvinner framfører songen «Om Navashivam» akkompagnert av tromme.
Otto Andersson skriv ned folkemusikk spelt av Erik Lönnberg i 1909.

Folkemusikk er ein sjanger eller eit sett av sjangrar som kan definerast på ulik måte, anten med omsyn til musikalsk stil, sjanger, funksjon, bruk, traderingsmåte (munnleg overlevering), framføring, sosiologiske eller etniske kriterium. Mange stader kan omgrepet nyttast om dei musikalske preferansane som dominerer over tid hjå dei breie lag av folket, medan det i norsk samanheng heller står for dei stiluttrykka som er eller har vore rekna som typiske eller unike for ulike regionar i Noreg gjennom tidene.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy