Fordampingsvarme

Korleis fordampingsvarmen til vatn, metanol, benzen og aceton er avhengig av temperaturen. Den vertikale einingsaksen er feil og burde vore kJ/mol.

Fordampingsvarme er ei nemning for den varmen som går med til å fordampe ei viss mengd av ei væske ved kokepunktet. Ved trykket 1 atmosfære kokar vatn ved 100 °C, og då trengst det 2260 kJ til å fordampe 1 kg av vatnet. For dei fleste stoffa er fordampingsvarmen mindre enn for vatn. Fordampingsvarmen er òg mindre når kokinga skjer i ein trykkokar, altså ved høgare temperaturar. I tabellar finn ein spesifikk fordampingsvarme ved koketemperaturen.

Spesifikk fordampingsvarme ved koketemperaturen for eit utval stoff

Væske Koke- temperatur (°C) Spesifikk fordampingsvarme (kJ/kg)
Vatn 100 2260
Etylalkohol 78 850
Eter 35 373
Ammoniakk -33 1370

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy