Forsvarsdepartementet i Den russiske føderasjonen (russisk Министе́рство оборо́ны Росси́йской Федера́ции, i daglegtalen berre Минобороны [Minoborony]) er eit føderalt organ som gjennomfører militærpolitiske vedtak i Russland.
Organet var oppretta 16. mars 1992 på basis av Forsvarsdepartementet i Sovjetunionen.[1] Departementet har ingen juridiske plikter i høve det tidlegare sovjetiske forsvarsdepartementet.[2]
10 540 personar arbeider i dette departementet i høve ein presidentordre frå 2016.[3]
Departementet fekk ny struktur i 2004 etter eit dekret frå president Vladimir Putin, og gjennomfører stadig justeringar i organisasjonen. Hovudkontoret ligger i Znamenka-gata 19 i Moskva. Forsvarsministeren heiter i 2017 Sergej Sjojgu. Han har vore forsvarsminister sidan 6. november 2012.