Gabon

République Gabonaise

(norsk: Gabon, gabonsk)

Det gabonske flagget Det gabonske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Concorde»
Motto Union, Travail, Justice
Geografisk plassering av Gabon
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Libreville
Styresett
Republikk under militærstyre
Brice Oligui
Raymond Ndong Sima
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
267 667 km² (76.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 772 255 (150.)
6,6 /km² (186.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Frankrike
17. august 1960
Nasjonaldag 17. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
34 410 mill. USD (118.)
22 400 USD (62.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +241
Toppnivådomene .ga


Gabon, offisielt Republikken Gabon, er ein republikk ved ekvator i vestre Sentral-Afrika. Landet grensar til Kamerun, Republikken Kongo, Ekvatorial-Guinea og Atlanterhavet. Hovudstaden er Libreville. Namnet på landet er ei fransk avleiing av Rio de Gabão, eit namn portugisiske utforskarar gav til Gabonelva fordi forma hennar minna om ei kappe med hette, portugisisk gabão.[1]

Frå sjølvstendet i 1960 og fram til 1990-talet var Gabon styrt av eineveldige presidentar. Omar Bongo Ondimba hadde makta frå 1967 til han døydde i 2009. I 1991 blei ein ny konstitusjon teken i bruk, der ulike parti blei tillatne og meir demokratiske val kunne haldast. Bongo heldt likevel fram som president, og han blei etterfølgd av sonen Ali Bongo Ondimba. Denne blei avsett gjennom eit militærkupp i 2023. Gabon er eit av dei meir utvikla landa i Afrika, takka vere ei lita folkemengd, rike naturtilgangar og støtte frå utlandet.

  1. Thuesen, Nils Petter (24. november 2023). «Gabon». Store norske leksikon (på norsk). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy