Galisisk

Galisisk
galego
Klassifisering Indoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   iberoromanske språk
Bruk
Tala i  Spania
Galisisktalande i alt 3–4 millionar
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Galicia i Spania
Normert av Real Academia Galega
Språkkodar
ISO 639-1 gl
ISO 639-2 glg
ISO 639-3 glg
Wikipedia på galisisk

Galisisk eller galicisk er eit iberoromansk språk som ein snakkar i den autonome regionen Galicia og tilstøytande område i Asturias og Castilla y León, nord i Spania. Det blir tala av 3-4 millionar, ein halv av dei emigrantar til Sør-Amerika.

Det har nært slektskap med portugisisk, og blir ofte sett på som ein dialekt av dette språket. Men språkbrukarane og dei galisiske styresmaktene ser annleis på det. Dei har ein eigen identitet og har utvikla seg vekk frå portugisisk. Ettersom portugisisk utvikla seg i Galicia, kan det like gjerne vera ein dialekt av galisisk.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy