Game Boy Color

Gameboy Color

Game Boy Color (og kjend som GBC) er ein handhalden spelkonsoll laga av Nintendo og er etterfylgjaren til Game Boy. Han har fargeskjerm og kan vise opp til 56 forskjellige fargar samstundes, frå ein palett på 32 768 fargar. Game Boy Color kan også fargeleggje spel som var utvikla for den opphavlege Game Boy-konsollen.

Game Boy Color har ein dobbelt så rask prosessor og dobbelt så mykje minne som dei tidlegare utgåvene, i tillegg til ein infraraud kommunikasjonsport. Ein av dei mest ettertrakta eigenskapane er bakoverkompabiliteten, det at ein kan nytte Game Boy-kassettar laga for eldre utgåver for å spele eldre spel. Dette vart ein hovudeigenskap til Game Boy-serien, som ved kvar ny-lansering fekk eit større spelbibliotek enn nokon av konkurrentane.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy