Game Boy Micro

Logo for Game Boy Micro
Gameboy Micro

Game Boy Micro er ein handhalden spelkonsoll utvikla, produsert og marknadsført av Nintendo. Han er den andre og siste omforminga av Game Boy Advance, og det siste tilskotet i Game Boy-serien. Konsollen vart lansert i Japan og Nord-Amerika september 2005 og i Australia og Europa november same året. Game Boy Micro stør ikkje spelkassettane for Game Boy og Game Boy Color.

GBM har ein mindre, men merkbart skarpare skjerm enn forgjengarane, med justerbar ljosstyrke. Den har ogso høyretelefonutgong og utskiftbare frontdeksel. Game Boy Micro er ikkje kompatibel med dei eldre Game Boy- og Game Boy Color-konsollane, og spel utvikla til disse kan derfor ikkje bli spelt på GBM.

Det er den siste konsollen i den originale Game Boy-serien. Mottakinga til den handhelde konsollen var god og andmeldelsane fabelaktige. I Japan har den håndholdte blitt utgiven i fire fargar og stilar kvar. Dei fire fargane er svart, blå, lilla og sølv.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy