Gammalsyrisk

Gammalsyrisk
ܠܫܢܐ ܣܘܪܝܝܐ Leššānā Suryāyā [lɛʃʃɑːnɑː surjɑːjɑː]

Gammalsyrisk

Klassifisering Afroasiatisk
 Semittisk
  Sentral-semittisk
   Nordvest-semittisk
    Arameisk
     Aust-arameisk
Bruk
Skriftsystem Syrisk abjad
Språkkodar
ISO 639-2 syc
ISO 639-3 syc
Glottolog clas1252
Det sysriske arameiske alfabetet

Gammalsyrisk (ܣܘܪܝܝܐ, suryāyā) er ein dialekt av austlege mellomarameisk som ein gong vart snakka over store delar av det området i Levanten som vert kalla den fruktbare halvmånen. Etter å ha oppstått ein gong kring 100-talet evt.[1] vart klassisk gammelsyrisk eit viktig litterært språk over heile Midtausten frå 300- til 700-talet,[2] det klassiske språket i Edessa, bevart i mykje assyrisk litteratur. Gammalsyrisk er som mellomarameisk eit språk i den nordvestlege greina av den semittiske språkfamilien.

Gammalsyrisk vart bindemiddelet for syrisk ortodoks kristendom og den tilhøyrande kulturen, og spreidde seg gjennom Asia så langt som til den indiske Malabarkysten og til austlege Kina, og var uttrykksmiddelet for kommunikasjon og kulturell utbreiing for arabarar og til ein mindre grad for persarar. Som hovudsakleg eit kristent uttrykksmedium hadde gammalsyrisk ein fundamental kulturell og litterær innverknad på utviklinga av arabisk som kom til å erstatte gammalsyrisk som ein del av den islamske dominansen mot slutten av 700-talet. Gammalsyrisk har vorte verande det liturgiske språket til syrisk kristendom.

Gammalsyrisk er skrive med syrisk skrift, ei utleiing av arameisk skrift.

Spreiinga av gammalsyrisk språk i Midtausten og Asia: sjølv om gammalsyrisk var ein gong eit viktig språk i den fruktbare halvmånen, er det i dag avgrensa til mindre område som Ninevesletta, Tur Abdin, Qamishli og rundt den syriske byen Ma'loula.
  1. «Ancient Scripts: Syriac»
  2. Beyer, Klaus; John F. Healey (overs.) (1986): The Aramaic Language: its distribution and subdivisions. Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht. ISBN 3-525-53573-2. ss. 44.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy