Gen

Gen blir lagra i kromosom i eukaryote seller.

Eit gen er ein sekvens av basepar i eit DNA-molekyl som kan danna grunnlaget for eit RNA-molekyl ved transkripsjon. Dei fleste gena kan ved det sentrale dogmet vidare koda for eitt eller fleire protein, som direkte eller indirekte kan påverka ulike eigenskapar ved ein bestemt organisme. Gen vert arva frå foreldre til avkom, sidan det utgjer ein del av arvestoffet DNA. Genetikk er læra om gen.

I daglegtalen viser gen ofte til ein særskild arveleg eigenskap, som augefarge, kroppsbygnad eller anlegg for å utvikla arvelege sjukdommar.

Det nøyaktige talet på gen mennesket har er ukjend, men estimat ligg på kring 20 000 gen som kodar for protein, og ein stad over 15 000 gen som ikkje kodar for protein.[1]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Nature-19.06.2018

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy