Genesis

For boka, sjå Fyrste mosebok.
Genesis

Genesis framfører «Carpet Crawlers» i Pittsburgh i Pennsylvania i USA, på Turn It On Again-turneen deira i 2007. H til V: Daryl Stuermer, Mike Rutherford, Tony Banks, Phil Collins; ikkje avbilda: Chester Thompson
OpphavGodalming i Surrey i England
Aktiv1967–2000
2006 til i dag (pause)
SjangerProgressiv rock, poprock, rock, symfonisk rock
PlateselskapCharisma Records, ABC Records, Atco Records, Atlantic Records, Decca Records
MedlemmerTony Banks
Mike Rutherford
Phil Collins
Tidlegare medlemmerPeter Gabriel
Anthony Phillips
Chris Stewart
John Silver
John Mayhew
Mick Barnard
Steve Hackett
Ray Wilson
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Genesis er ei engelsk rockegruppe som vart danna i 1967. Bandet består i dag av dei tre lengstvarande medlemmane - Tony Banks (klaverinstrument) og Mike Rutherford (bass, gitar), som var med på å starte bandet, og Phil Collins (vokal, trommer), som kom med i bandet i 1970. Dei tidlegare medlemmane Peter Gabriel (vokal, fløyte), Steve Hackett (gitar) og Anthony Phillips (gitar), har òg spelt store roller i bandet i dei første åra av bandet. Genesis er av dei 30 mestseljande banda i verda og har seld kring 150 millionar album verda over.[1]

Seint i 1960-åra gav bandet ut debutalbumet sitt og både tilhengjarane og bandet sjølv rekna det som eit popeksperiment.[2] Så, i løpet av eitt år, utvikla dei seg til eit progressivt rockeband, mellom anna med det andre albumet deira i 1970. Bandet byrja då å spele komplekse songstrukturar og nytte utførleg instrumentering. Konsertane deira vart teatralske eksperiment med nyskapande scenedesign, pyroteknikk, ekstravagante kostyme og historier på scenen. Denne andre fasen var prega av lange songar, som den 23 minuttar lange «Supper's Ready» og konseptalbumet The Lamb Lies Down on Broadway i 1974. Seinare i 1970-åra og tidleg i 1980-åra endra bandet igjen musikalsk retning og vart eit meir kommersielt popband. Dette gav dei den første hitten i USA med «Follow You Follow Me», det første albumet deira på toppen av den britiske albumlista, Duke, og den einaste singelen deira på førsteplassen i USA, «Invisible Touch».

Genesis har gått gjennom fleire endringar i besetninga. Sceneskrekk fekk den første gitaristen i bandet, Anthony Phillips, til å forlate bandet i 1970. I 1975 tok den Collins over for Peter Gabriel som songar i bandet etter at dei lenge hadde leita etter ein erstatning. For å hjelpe Collins på konsertane spelte Bill Bruford og Chester Thompson trommer for bandet, der Collins vart med på trommer under lengre instrumentale parti. I 1977 forlét gitarist Steve Hackett bandet. Etter at Phil Collins forlét bandet i 1996 tok Genesis inn Ray Wilson (tidlegare i Stiltskin). Wilson var med på albumet Calling All Stations i 1997, før bandet annonserte ein lengre pause. I 2007 vart Banks, Collins og Rutherford samla att for ein turné i Europa og Nord-Amerika, mellom anna ein gratiskonsert i Roma føre 500 000 fans. Genesis var eit av fem band som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010. Framtida til bandet er usikker då Collins har trekt seg frå musikkindustrien og dei andre medlemmane driv med soloarbeid.

  1. «Phil Collins». atlanticrecords.com. Arkivert frå originalen 28. august 2008. Henta 19. september 2012. 
  2. Drewett, Michael; Hill, Sarah; Kärki, Kimi (2011). Peter Gabriel, From Genesis to Growing Up. Ashgate Publishing. s. 44. ISBN 0-7546-6521-6. , Extract of page 44

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy