Ghibellinarar og guelfarar

Ghibellinarar og guelfarar (ghibellinarar kalla Ghibelliniitaliensk og guelfarar kalla Welftysk og ghibellinarar Waiblingen) var namnet på to parti som kjempa om makta i Nord- og Sentral-Italia1100- og 1200-talet. Ghibellinarane støtta keisaren av Det tysk-romerske riket, medan guelfarane støtta paven og Kyrkjestaten.

Welf var ei tysk adelsslekt som var hertugar i Bayern, og av dei mest kjende welfarane finn ein Henrik Løve. Guelfarane eller Guelfi hadde sitt opphav i Waiblingen. Under eit slag i Weinsberg i 1140 mellom desse to skal guelfarane ha nytta «Welf» som kamprop, medan styrken frå Waiblingen nytta sitt namn som kamprop. Då Fredrik Barbarossa gjekk inn i Italia for å styrke makta si der, vart tilhengjarane hans kalla ghibellini på italiensk, medan den andre sida vart guelfi.

Tendensen var at guelfarane kom frå rike handelsfamiliar, medan ghibellinarane kom frå jordbruksområda. I områda der dei lokale interessene var truga av keisaren støtta dei guelfarane, medan områda der paven var den største trugselen støtta ghibellinarane. I tillegg var det ofte slik at dei mindre byane støtta ghibellinarane om ein større by i nærleiken støtta guelfarane. Namna ghibellinarar og guelfarar vart derimot ikkje nytta i stor grad medan stridane pågjekk, og oppstod først kring 1250 i Toscana (der striden hadde opphavet sitt). Striden var mest intens i området kring Firenze.

Guelfarane slo til slutt ghibellinarane i 1289 i Campaldino og Caprona, og byrja så å kjempe mot seg sjølv. I 1300 var guelfarane i Firenze delt inn i svarte guelfarar og kvite guelfarar. Dei svarte heldt fram med å støtte paven, medan dei kvite var imot. Dante støtta mellom anna dei kvite guelfarane og reiste i eksil då dei svarte guelfarane tok over makta i Firenze.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy