Glasgow

Glasgow
Glaschu
Glesga
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region City of Glasgow
Areal 3 298 km²
Folketal 626 410 (2018)[1]
Grunnlagd 500-talet
Postnummer G
Retningsnummer 0141
Kart
Glasgow
55°51′40″N 4°15′00″W / 55.861111111111°N 4.25°W / 55.861111111111; -4.25
Wikimedia Commons: Glasgow

Glasgow (gælisk Glaschu) er den største byen i Skottland og den tredje største i Storbritannia. Han ligg ved elva Clyde i den vestlege delen av det sentrale Skottland og utgjer saman med fleire mindre landsbyar regionen City of Glasgow.

Glasgow voks frå å vere eit bispesete i mellomalderen, og med den seinare etableringa av University of Glasgow, til å bli eit sentrum for transatlantisk handel i løpet av 1800-talet. Med den industrielle revolusjonen vart byen eit senter for ingeniørvitskap og skipsbygging.

I 1960-åra hadde han eit folketal på heile 1,1 millionar, og var då den fjerde største byen i Europa, etter London, Paris og Berlin. Dei seinare åra har innbyggjartalet vorte nesten halvert, på grunn av blant anna endringar av bygrensene og generell nedgang i folketalet. Stor-Glasgow hadde ca 1,1 million innbyggjarar i 2004. I dag er byen kjent som den kommersielle hovudstaden i Skottland og er det tredje største turistmålet i Storbritannia etter London og Edinburgh.

Byen er har òg ei rekkje utdanningsinstitusjonar, mellom anna fire universitet som alle ligg innan 16 kilometer frå bysentrum:

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.nrscotland.gov.uk/files/statistics/council-area-data-sheets/glasgow-city-council-profile.html.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy