Global raudliste

Dverggås (Anser erythropus) står både på den globale og den norske raudlista.
Foto: BS Thurner Hof

Den globale raudlista er eit oversyn over plante- og dyreartar som på eit eller anna vis er truga av utrydding, er utsett for monaleg reduksjon eller er naturleg sjeldne, sett opp etter standardar utarbeidde av Verdas naturvernunion, IUCN.

Skipa i 1964, er den globale raudlista det mest omfattande oversyn i verda over den globale bevaringsstatusen til organismar.[1] Ho brukar eit sett med presise kriterium for å evaluere risiko for utrydding til titusenvis av artar og underartar. Desse kriteria er relevante for alle artar og alle regionar i verda. Med den sterke vitskaplege basen sin er IUCN si raudliste anerkjent som den mest autoritative guiden til status for biologisk mangfald. Ein serie regionale raudlister blir produserte av land eller organisasjonar som vurderer risikoen for utrydding for artar innanfor ei politisk forvaltningseining.

Ein versjon av den globale raudlista er ført à jour i 2012. IUCN vurderte totalt 63 837 artar. Av dei var 19 817 er truga av utrydding. 3 947 vart skildra som kritisk truga og 5 766 som sterkt truga, medan meir enn 10 000 artar er oppførte som sårbare. 41 % av amfibium, 33 % av korallar som byggar rev, 30 % av bartre, 25 % av pattedyr og 13 % av fuglar er klassifiserte som truga.[2]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet about
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet RedListReport

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy