Glomma

Glomma
Glåma
elv
Kart over Glomma
Land  Noreg
Fylke Trøndelag, Hedmark, Akershus, Østfold
Nedslagsfelt 41 917 km²
Renn gjennom Elverum, Kongsvinger,
Sarpsborg, Fredrikstad
Sideelvar Rena, Vorma m.fl.
Lengd 604 km
Middelvassføring 698 /s
Kjelde Aursunden nordaust for Røros
 •  høgd 860 moh.
Munning Oslofjorden ved Fredrikstad
 •  høgd moh.
Kart
Glomma
59°12′11″N 10°56′57″E / 59.20305556°N 10.94902778°E / 59.20305556; 10.94902778
Wikimedia Commons: Glomma

Glomma eller Glåma er den lengste elva i Noreg med ei lengd på 604 km. Ho er ei meanderelv. Elva har utspringet sitt i Aursunden nordaust for Røros og munnar ut i Oslofjorden ved Fredrikstad. Glomma er hovudelv i vassdraget med same namn, som har eit totalt nedslagsfelt på 42 441 km² (der 422 km² ligg i Sverige).

Både Glomma og Glåma er autoriserte og brukt av Statens kartverk. Båe namneformene går attende på Glauma, jamfør norrønt Glaumr, òg Raumelf; både glaumr og raumr tyder «larm, dunder»).

I mai-juni 1995 vart Glomma råka av den største flaumen på over 100 år. Flaumen fekk namnet Vesleofsen, sidan stort sett berre flaummerka frå Storofsen i 1789 var synlege over vassflata.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy