Gloppeelva

61°45′51.671″N 6°12′34.844″E / 61.76435306°N 6.20967889°E / 61.76435306; 6.20967889

Gloppeelva
elv
Kjelde Breimsvatnet
 •  høgd 61 moh.
Munning Gloppefjorden
Kart
Gloppeelva
61°45′52″N 6°12′35″E / 61.7644°N 6.20968°E / 61.7644; 6.20968
Wikimedia Commons: Gloppeelva
Gloppeelva ved Evebøfossen
Foto: Chell Hill
Eidsfossen i Gloppeelva fotografert 7. august 2008
Foto: Chell Hill

Gloppeelva, òg kalla Storelva, er ei elv i Gloppen kommune. Elva er utløpet frå Breimsvatnet, og munnar ut i Gloppefjorden, sør for Sandane sentrum, nær Sandane Camping. Elva er ei lakseelv, det vil seie at det går laks i elva.

Elva er regulert gjennom ei demning omtrent 1 km frå Breimsvatnet. Vasskraftverka Eidsfoss kraftverk og Trysilfoss kraftverk utnyttar vatn frå elva.

Ved elvemunningen ved Gloppefjorden har elva skapt eit delta av typen brakkvasssdelta. Fitjeelva som munnar ut like sør for Gloppeelva har medverka til at deltaet har fått ei vid og lang grunne, med sandbankar av ulik høgd. Tett ved området ligg Sandane Camping, som utnyttar sanden i deltaet til badestranda si. Elvane gjer at vatnet held noko lågare temperatur, men samstundes vert vatnet varma opp på den lange grunna forholdsvis raskt sommarstid.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy