Gospel | |||
| |||
Stilmessig opphav | Kristne salmar, Negro spirituals | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Første halvdel av 1900-talet i USA | ||
Typiske instrument | Vokal, piano, Hammondorgel, gitar, blåseinstrument, trommer og bassgitar | ||
Avleidde former | Rhythm and blues | ||
Undersjangrar | |||
Urban gospel, Southern gospel | |||
Blandingssjangrar | |||
Kristen country |
Gospel eller gospelmusikk (frå engelsk, evangelium) er ein musikksjanger som er laga for å uttrykke personleg eller felles kristen tru. Kristen musikk innanfor forskjellige sjangrar kan stundom òg verte kalla gospelmusikk.
Som andre former for kristen musikk varierer skapinga, framføringa, vektlegginga og sjølv definisjonen av gospel etter kultur og sosial samanheng. Gospel vert komponert og framført av mange forskjellige årsaker, som estetisk behag, religiøse eller seremonielle føremål, og som eit underhaldningsprodukt for publikum. Det vanlegaste temaet i gospel er å prise, ære eller takke Gud, Kristus eller Den heilage ande.