Gotisk arkitektur

Katedralen Notre-Dame de Chartres i Chartres er i gotisk stil, med unnatak av vestfronten, som er eldre og i romansk stil.
Den vesle kyrkja Sainte-Chapelle i Paris, med dei høge vindaugo og så å seie inga veggflater, vert rekna som perla i gotisk arkitektur.
Katedralen i Ely.
Klosteret i Batalha.
Gotisk konstruksjon
Oppdeling av veggane i arkade, triforium, og klerestorium. Strebebuane kan ein òg sjå.
Grunnplan av Laonkatedralen med rett avslutta kor og tverrskip
Grunnplan for Notre-Dame i Reims, bygginga byrja kring 1210. Koret er vorte absidalt og tverrskipa er i ferd med å forsvinna
Grunnplan for Kølnerdomen

Gotisk arkitektur eller gotikk er ein periode innan arkitektur, skulptur og målarkunst, framfor alt i kyrkje- og klosterarkitekturen og den religiøse kunsten, men òg i den verdslege arkitekturen. Gotikken dominerte det katolske Vest-Europa i mellomalderen, frå kring 1150 til kring 1550. Kan hende meir enn noko anna periode innan europeisk kunsthistorie vart gotikken basert på prinsipp for konstruksjonen av bygningane. Byggmeistrane utvikla og kombinerte spissbogar og ribbekrysskvelving på ein ny måte, og nytta kombinasjonar av utvendige pillarar og støttebogar for å take opp sidekraftene frå kvelva over kyrkjeromma. Største problemet var å få til harmoniske kryssande kvelvingar - særskilt om dei hadde ulik diameter.

Den gotiske byggjestilen vert ofte kalla spissbogestilen av di stilen er kjenneteikna av at bogar og kvelv vart gjeve ei avspissa form, i motsetnad til dei halvsirkelforma bogane og kvelva som kjenneteikna den tidlegare bygningsstilen i mellomalderen, den romanske stilen, òg kalla rundbogestilen. Eit viktig utviklingsdrag i gotikken var dessutan ideen om å gjere kyrkjebygningane og kyrkjeromma så høge som råd var, og dessutan å samle tyngdene av kvelva mest mogleg i punkter, slik at veggane kunne opnast opp og sleppe det himmelske ljoset inn i bygningane gjennom store vindaugo med fargerike glasmåleri.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy