Grammy Award

Grammy Award

2003 Technical Grammy Award Sjå dette på Wikidata
Skipa1958
LandUSA[1][2][3]
Nettstadhttps://www.grammy.com (engelsk)

Grammy Award (Grammy) er ein amerikansk musikkpris som blir delt ut årleg av The Recording Academy (ei samanslutning av personar i den amerikanske musikkindustrien). Prisen er blitt delt ut sidan 1959 for prestasjonar innan musikk som er blitt gjeven ut i USA året før. [4] Prisen blir delt ut kvart år i februar, og blir sett på som ein parallell til Academy Award (Oscarprisen) i film.

På same måte som ved Oscarprisen skjer utdelinga etter røyster frå dei med røysterett i Recording Academy, og ikkje på grunnlag av popularitet eller tal på selde plater. Utmerkinga har fått namn etter troféet som vinnarane mottar, ein forgylt miniatyr av ein gamaldags grammofon.

Talet på sjangrar og kategoriar ein deler ut prisar kan endra seg. I 2018 delte ein ut 84 prisar innan 30 ulike sjangrar.[4] Grammyprisen blir hovudsakleg delt ut til engelskspråkleg musikk. Det finst ein tilsvarande pris for songar på spansk eller portugisisk, Latin Grammy Award.

  1. Store norske leksikon (på norsk bokmål og norsk nynorsk), ISSN 2464-1480, SNL-identifikator Grammy, Wikidata Q746368, henta 30. september 2022 
  2. Cultureel Woordenboek (på nederlandsk), Cultureel Woordenboek-id populaire-muziek/grammy, Wikidata Q3010887, henta 30. september 2022 
  3. Encyclopædia Britannica (på engelsk), EBO-identifikator art/Grammy-Award, Wikidata Q5375741, henta 30. september 2022 
  4. 4,0 4,1 «Voting Process Frequently Asked Questions». Recording Academy. Henta 22. april 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy