Guden Mars

Romerske myntar prega med keisar Aemilianus (venstre) og Mars med grein, spyd og skjold (høgre)

Mars er namnet på ein romersk gud som har gitt namn til planeten Mars og mars månad. Opphavleg var han guden for grøde, grøderikdom og buskap, men seinare vart han helst forbunden med krig. Mars har mykje til felles med den greske guden Ares og med den nordiske Ty. Hovudtempelet til Mars låg på Kapitolhøgda og vart delt med Jupiter og Quirinus.

Symbolet for guden Mars, planeten Mars, for det mannlege, og for jarn.

Det er sagt at Mars var sonen til Juno og ein magisk blome, eller kanskje Jupiter sjølv. Bellona, den romerske krigsgudinna, skal ofte ha opptredd på slagmarka saman med han, og er i ulike forteljingar kona, systera, dottera eller syskenbarnet hans. Nerio er òg nemnd som kona hans. Borna hans var Timor og Fuga, som svarar til Phobos og Deimos i gresk mytologi, og tvillingane Remus og Romulus, dei mytiske grunnleggjarane av Rom.

Mars vart ofte framstilt som ein krigar med hjelm i romersk kunst. Ulven og hakkespetten var via han.

Framstilling av Mars, Venus og Cupid frå 1500 av Paris Bordone.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy