Gunnar Staalesen

Gunnar Staalesen

Gunnar Staalesen
Foto: Nina Aldin Thune
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. oktober 1947
Bergen i Noreg
Yrke Forfattar
Rørsle Postmodernisme, kriminallitteratur, sosialrealisme
Gunnar Staalesen på Commons

Gunnar Staalesen (fødd 19. oktober 1947 i Bergen) er ein norsk forfattar og dramatikar. Han voks opp og har budd i Bergen heile livet sitt, og der finn også handlinga i dei fleste bøkene hans stad.

Staalesen debuterte med romanen Uskyldstider i 1969, men er mest kjend for kriminalromanane sine om privatdetektiven Varg Veum. Meir enn nokon annan vert Staalesen rekna som den som introduserte sosialrealismen i norsk kriminallitteratur. Mellom 1997 og 2000 gav han ut den såkalla hundreårstrilogien, eit verk på om lag 1600 sider som er sentrert rundt ulike familiar i Bergen og omland frå 1900 til 2000. Han har vore forfattar på heiltid sidan 1987.

Gunnar Staalesen har (per 2009) gjeve ut fem romanar, 18 kriminalromanar, to novellesamlingar, tre barne- og ungdomsbøker, seks skodespel og ei rekkje mindre utgjevingar. I tillegg har han ei rekkje tekstar frå arbeid som dramatikar, manusforfattar og skribent som ikkje er utgjevne i bokform. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk. Han har vorte heidra med mellom anna Rivertonprisen (to gonger), Bokhandlarprisen og heidersprisen for kultur i Bergen kommune.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy