Haag

Haag
by
Foto: N. Winslow
Flagg
Våpenskjold
Offisielt namn: Den Haag
Kallenamn: Residentiestad («Residensbyen»), Hofstad («Hoffbyen»)
Land  Nederland
Provins Zuid-Holland
Areal 98,12 km²
Folketal 548 320 (1. januar 2021)[1]
Grunnlagd 1248
Kart
Haag
52°05′N 4°19′E / 52.08°N 4.31°E / 52.08; 4.31
Wikimedia Commons: The Hague

Haag (nederlandsk 's-Gravenhage eller Den Haag) er ein by i Nederland. Haag ligg i provinsen Zuid-Holland, i den sørvestlege delen av landet, og har om lag 550 000 innbyggjarar, noko som gjer han til den tredje største byen i Nederland, etter Amsterdam og Rotterdam.

Haag er administrativ hovudstad i Nederland, men ikkje offisiell hovudstad, den tittelen har Amsterdam. I Haag finn ein «Eerste Kamer» («Overhuset») og «Tweede Kamer» («Underhuset») som saman dannar Staten Generaal, den nederlandske nasjonalforsamlinga. Dronning Beatrix av Nederland arbeidsstaden sin (Paleis Noordeinde) og bustaden sin her (Paleis Huis ten Bosch). Vidare finn ein her alle ambassadar og dei fleste departement, samt ei rad internasjonale byrå og organisasjonar, døme kan vere Den internasjonale domstolen og Den internasjonale straffedomstolen.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kerncijfers wijken en buurten 2021». 6. august 2021. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy