Habsburg-Spania

Habsburg-Spania syner til spansk historie på 1500- og 1600-talet (1506–1700), då Spania vart regjert av ei stor grein av Habsburg-dynastiet. Under habsburgstyret (hovudsakleg under Karl V og Filip II av Spania) vart Spania på sitt mektigaste og kontrollerte område frå Amerika til Austindia i Asia, Nederlanda (som omfatta område som i dag er i Frankrike og Tyskland), ein del av dagens Italia i Europa og frå 1580 til 1640 Portugal, Det portugisiske imperiet og forskjellige andre område som Malta i Middelhavet og små enklavar som Ceuta og Oran i Nord-Afrika. I alt var Habsburg-Spania i godt over eit hundreår den største stormakta i verda. Av den årsaka vert denne perioden av spansk historie òg kalla «ekspansjonstida».

Etter å ha dominert Europa politisk og militært gjennom det meste av Habsburg-styret, fekk Spania gradvis mindre makt under dei seinare Habsburg-kongane, hovudsakleg på slutten av 1600-talet.

Habsburg-pra var òg ein spansk gullalder for kulturell oppblomstring. Av dei viktigaste kulturelle personane i denne perioden finn ein Diego Velázquez, El Greco, Miguel de Cervantes, Teresa of Ávila, Pedro Calderón de la Barca, Francisco de Vitoria, Domingo de Soto og Francisco Suárez.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy