Haifabukta

Haifabukta
bukt
Haifabukta
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Del av Middelhavet
Byar Haifa
Stad Middelhavet
 - koordinatar 32°49′23.01″N 35°1′26.04″E / 32.8230583°N 35.0239000°E / 32.8230583; 35.0239000
Kart
Haifabukta
32°49′23″N 35°01′26″E / 32.823058333333°N 35.0239°E / 32.823058333333; 35.0239
Wikimedia Commons: Haifa Bay

Haifabukta (hebraisk מפרץ חיפה, Mifratz Haifa) er ei bukt langs middelhavskysten av det nordlege Israel. Haifabukta er den einaste naturlege hamna i Israel ved Middelhavet.

Kishonelva munnar ut i bukta og byane Haifa og Akko ligg høvesvis på sør og nord i bukta, medan det i midten er rekkjer av sanddyner og forstadsområdet Krayot. Karmelberget stig opp frå sørenden av bukta, medan fjella i Vest-Galilea går frå kysten og innoverland på nordsida. Hamna i Haifa ligg langs den søraustlege kysten av bukta.

Haifabukta syner òg til ein av dei ni bydelane i Haifa, og er i stor grad eit industriområde nordaust for sentrumsområdet og sør for Kiryat Hayim.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy