Hand

Denne artikkelen handlar om lemen. For snøtypen, sjå névé.
Framsida og baksida av menneskehender.
Knoklane i ei menneskehand.

Handa eller neven (latin manus) sit ved enden av underarmen (antebrachium) og forlemmane hos primatar. Handa har utvikla seg som eit gripeorgan. Hend (og føter) hos primata har difor neglar og ikkje klør. Som gripeorgan er handa særs kjenslevar. Dette syner seg i fingertuppane med talrike kjenslelekamar, medan neglane verkar som ein motstand under registrering av trykk. Karakteristisk for handa er at tommelfingeren kan motstillast dei andre fingrane.

Hos mennesket er tommelen forholdsvis stor, medan han hos hengeklatrande aper kan vere liten eller tilbakedanna. Handa består av 27 knoklar, og vert delt inn i handrota (carpus) med åtte handrotsknoklar, mellomhanda (metacarpus) med fem mellomhandsknoklar og fingrane (digiti) med til saman 14 fingerknoklar, to i tommelfingeren og tre i kvar av dei øvrige fingrane. Primata har vanlegvis to hender og fem fingrar (veslefinger, ringfinger, langfinger, peikefinger og tommel) på kvar hand. Handrotsknoklene er ordna i to rekkjer med fire i kvar. Rekna frå tommelfingersiden består øvste rekkja av båtbeinet, månebeinet, pyramidebeinet og ertbeinet. Det sistnemnde er eigentleg eit senebein. Den neste rekkja består av store og små mangekanta bein, hovudbeinet og krokbeinet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy