Hardy-guttene

Framsida til The Tower Treasure, den fyrste boka om Hardy-guttene.

Hardyguttene er ein populær bokserie med oppdikta detektivhistorier skrivne for barn og ungdom. Bøkene handlar om opplevingane til tenåringsbrørne Frank og Joe Hardy, som løyser saker både i nærområdet til Bayport, og etterkvart andre stadar i USA og i utlandet. I dei fyrste bøkene er Joe 15 år og Frank 16 år, men i dei fleste bøkene er dei 17 og 18 år gamle sjølv om det er nemnt hendingar som kan daterast i bøkene. Sjølv om det er spor i bøkene som viser til hendingar gjennom fleire år, så er gutane likevel plassert som ungdomar i eit amerikansk forstadsmiljø gjennom heile serien.

Originalversjonane av bøkene vart utgjevne i tidsrommet 1927—1979. Dei er skrivne under pseudonymet Franklin W. Dixon. Franklin W. Dixon er et kollektivpsevdonym brukt av ei rad ulike forfattarar som skreiv hardygut-romanar for Stratemeyer-forlaget.[1] Den mest kjende skuggeforfattaren var Leslie McFarlane (1902-1977) som mellom 1927 og 1946 skreiv 19 av dei første 25 romanane i serien.

  1. «Franklin W. Dixon». Scholastic. Arkivert frå originalen 9. oktober 2014. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy