Hauran

Hauran Plateau
سهل حوران
fjell
Landsbyen Johfiyeh på Jordan-sida av platået.
Land  Syria,  Jordan
Kart
Hauran
33°01′47″N 35°49′06″E / 33.029615°N 35.818383°E / 33.029615; 35.818383
Satellittbilete av Syria og dei kringliggande landa med Hauran avmerkt
Satellittbilete av Syria og dei kringliggande landa med Hauran avmerkt
Satellittbilete av Syria og dei kringliggande landa med Hauran avmerkt
Wikimedia Commons: Hauran

Hauran (arabisk حوران / Ḥawrān), òg skrive Hawran eller Houran, er eit vulkansk platå og eit geografisk område og folk som lever i det sørvestlege Syria og nordvesthjørnet av Jordan. Det har fått namn etter det arameiske Hawran, som tyder «grotteland» Geografisk og geomorfologisk strekkjer grensene seg frå nær Damaskus og Hermon i nord til Ajlounfjella i Jordan i sør. Området omfattar Golanhøgdene i vest og grensar der til Jordan-riftdalen. Det omfattar vidare Jabal al-Druze i aust og grensar der til dei tørre steppene og ørkenterrenget. Yarmouk drenerer mykje av Hauran i vest og er den største sideelva til Jordanelva.

Den vulkanske jorda gjer Hauran til ein av dei mest frodige regionane i Syria. Det vert produsert mykje kveite og han er særleg kjend for vingardane. Regionen får over gjennomsnittleg mykje nedbør for landet, men har få elvar. Hauran er avhengig av årleg snøfall og regn kvar vinter og vår og mange av dei eldgamle byane har cisterner og vassreservoar som held på nedbøren som fell i desse årstidene. Området skil seg frå andre historisk, frodige område i Syria (Orontes- og Eufratdalen) som er avhengige av kontrollerte vatningssystem. Sidan midten av 1980-åra har Syria bygd mange vassreservoar i kjeldeelvane til Yarmouk.[1]

  1. http://www.transboundarywaters.orst.edu/projects/casestudies/jordan_river.html Jordan River: Johnston negotiations, 1953-55; Yarmuk mediations, 1980's

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy