Hawaii

Hawaii
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Hovudstad Saint Paul
Areal 28 311 km²
 •  land 16 635 km²
 •  vatn 11 676 km²
Folketal 1 427 538  (2017)
Folketettleik 86 / km²
Guvernør David Ige
Før innlemming Territoriet Hawaii
Innlemma i USA 21. august 1959
Statsnummer 50.
Forkorting HI
Kart
Hawaii
21°30′N 158°00′W / 21.5°N 158°W / 21.5; -158
Wikimedia Commons: Hawaii
Nettstad: portal.ehawaii.gov

Hawaii (hawaiisk Hawai‘i) er ei øygruppe i Stillehavet og ein delstat i USA. Hovudstaden og største by er Honolulu. Hawaii blei ein amerikansk delstat den 21. august 1959, og er dermed den nyaste i USA.

Delstaten har rundt 1,26 millionar innbyggjarar (2003) og to offisielle språk: det polynesiske hawaiisk og hawaii-engelsk, med hawaii-pidgin som eit uoffisielt hovudspråk.

Hawaii er òg den einaste øystaten i USA, og den einaste som framleis er i vekst, på grunn av vulkansk aktivitet. Delstaten er sett saman av ei 2 450 km lang kjede av øyar og atoll. Åtte av øyane er relativt store: øya Hawaii, Kahoolawe, Maui, Lauai, Molokai, Oahu, Kauai og Niihau.

Øyane har tropisk klima og fine strender, og det kjem mange turistar frå fastlands-USA og Japan.

Strand og turisthotell på Oahu.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy