Hellbillies

Hellbillies

Aktiv1990–
Sjangerfolkrock
PlateselskapEMI
PrisarNorsk Artistforbunds Ærespris, Målprisen, Årets spellemann, Spellemannprisen i roots og country, Spellemannprisen i country, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Rockheim Hall of Fame

Hellbillies er ei countryrockgruppe frå Ål i Hallingdal som blei danna i 1990, og som sidan starten har hatt stor suksess. Dei har gitt ut ei rekke plater som alle har selt svært bra.

Tekstane er skrivne på nynorsknært hallingmål, og dei er om alt frå kvardagslege og jordnære ting til djupare stoff, til dømes samfunnskritikk. Dei har au samarbeidd med musikarar frå USA: Rob Hajacos frå Nashville, som spelar fele på dei fleste platene av Garth Brooks, spelar au fele på tre av platene til Hellbillies. Han har au vore to gonger i Noreg for å halde konsertar og spela inn plater saman med Hellbillies.

I 2002 vart vart Hellbillies tildelt Alf Prøysens Ærespris.

Bandet blei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2007 og vann i tillegg klassen country for albumet Spissrotgang. I 2008 vann dei Gammleng-prisen i klassen rock/roots.

Hellbillies er eit svært aktivt turneband, og spelar over heile landet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy