Hello, I Must Be Going!

Hello, I Must Be Going!
Studioalbum av Phil Collins
Språk engelsk
Utgjeve 5. november 1982
Innspelt Mai til september 1982
Studio
Sjanger
Lengd 45:03
Selskap Virgin
Produsent
Phil Collins-kronologi 
Face Value
(1981)
Hello, I Must Be Going! No Jacket Required
(1985)


Singlar frå Hello, I Must Be Going!
  1. «Thru These Walls»
    Utgjeve: Oktober 1982
  2. «You Can't Hurry Love»
    Utgjeve: 27. november 1982
  3. «I Don't Care Anymore»
    Utgjeve: February 1983
  4. «Don't Let Him Steal Your Heart Away»
    Utgjeve: Mars 1983
  5. «Why Can't It Wait 'Til Morning»
    Utgjeve: May 1983 (berre Storbritannia)

Hello, I Must Be Going! er det andre studioalbumet til den engelske musikaren Phil Collins. Det kom ut 5. november 1982 på Virgin Records i Storbritannia og på Atlantic Records i Nord-Amerika. Namnet på albumet kjem frå Marx Brothers-songen med same namn som vart nytta i filmen Animal Crackers. Etter at bandet hans, Genesis, tok ein pause seint i 1981, byrja Collins arbeidet med oppfølgjaren til det første soloalbumet hans Face Value (1981).

Hello, I Must Be Going! fekk ikkje fullt så bra kritikk som Face Value, men nådde likevel andreplassen på singellista i Storbritannia og åttandeplassen i USA. I alt gav Collins ut åtte singlar frå albumet, men det var forskjellige singlar som kom ut i forskjellige land. Den mest suksessrike singelen var den første amerikanske og den andre britiske singelen, ein versjon av «You Can't Hurry Love» av The Supremes, som gjekk til topps i Storbritannia og nådde tiandeplassen i USA. Albumet vart marknadsført med ein turne med same namn, den første turneen hans som soloartist. Collins vart nominert til ein Brit Award for beste mannlege soloartist i 1983,[1] og «I Don't Care Anymore» vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege rockesong.

  1. http://www.brits.co.uk/history/shows/1983

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy