Henrik Wergeland

Henrik Wergeland

Pseudonym Siful Sifadda
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1808
Kristiansand kommune
Død

12. juli 1845 (37 år)
Christiania

Yrke lyrikar, historikar, skribent, teolog, arkivar, journalist, skodespelforfattar
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Nicolai Wergeland
Mor Alette Dorothea Wergeland
Ektefelle Amalie Sofie Bekkevold
Born Olaf Knudsen
Henrik Wergeland på Commons

Henrik Arnold Wergeland (17. juni 180812. juli 1845) var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Som lyrikar har han ein eineståande posisjon i norsk litteraturhistorie, med ein enorm produksjon som spenner frå det kosmologiske diktet Skabelsen, Mennesket og Messias, til dikt for born, som «Jeg aldri mer vil Hunden slaae». Fleire av verka hans kombinerer prosa, lyrikk og dialog. Han skreiv òg ei mengd med brev og embetsskriv, rettsinnlegg, essay, historiske avhandlingar, folkeopplysingsskrift og flygeblad.

Henrik Wergeland verka òg som bibliotekar og redaktør og vart den første riksarkivaren i Noreg. Han ville omsetja dei poetiske ideane sine i praktisk arbeid, og var ein aktivist i ei tid då ein i Noreg enno ikkje hadde funne fram til ein eigen kulturprofil.

Gjennom eiga dikting, ved å ta opp språkspørsmålet, ved å krevje demokratisk utvikling og kulturell frigjering frå København bidrog han mykje til å gjera den unge statsnasjonen til ein kulturnasjon. Wergeland er neppe den mest lesne av dei norske diktarane, men han vart ståande som eit nasjonalt symbol.

«I vårt unge og uferdige samfunn såg han arbeidsoppgåver kvar han sette foten […] Det er vanskeleg å avgjere kva som går djupast hos Wergeland, sosial eller nasjonal interesse. Alle menneske skulle ha fridom. og rett til eit lykkeleg liv. Nasjonane skulle ha det same. Oppgåva var «Massens kultiveren», og i kultur legg han her like mykje hjarte- som åndskultur. Bøndene og arbeidarane skal vere samfunnsmedvetne og åndsinteresserte, samfunnet skal gi vilkår for menneskeverdig liv til alle borgarar.»

Arne Bergsgård i Norsk historie 1814-1880[1]
  1. Bergsgård, Arne 1975, Norsk historie 1814-1880 s. 105

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy