Herefordshire

Herefordshire
grevskap
Land  England
Region Aust-England
Areal 2 180 km²
Folketal 179 300  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt grevskap og sameint styresmakt
Kart
Herefordshire
52°05′00″N 2°45′00″W / 52.083333333333°N 2.75°W / 52.083333333333; -2.75
Wikimedia Commons: Herefordshire

Herefordshire er eit historisk og seremonielt grevskap i Vest-Midlands i England. Han er òg ei sameint styresmakt kalla County of Herefordshire. Det grensar til dei engelske seremonielle grevskapa Shropshire i nord, Worcestershire i aust, Gloucestershire i søraust og i Wales til dei bevarte grevskapa Gwent i sørvest og Powys i vest. Administrasjonsbyen er Hereford som med kring 50 000 innbyggjarar òg er den største byen i grevskapet.

Grevskapet er det mest landlege og tynnast folkesette i England med 82 innbyggjarar per kvadratkilometer. Området består hovudsakleg av jordbrukslandskap og er kjend for frukt- og siderproduksjon, og for herefordkveget.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy