Hey Jude

«Hey Jude»
Singel av The Beatles
B-side

«Revolution»

Språk engelsk
Utgjeve 26. august 1968
Innspelt 31. juli 1968 ved Trident Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 7:05
Selskap Apple Records
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«Lady Madonna»
(1968)
«Hey Jude» «Get Back»/«Don't Let Me Down»
(1969)


«Hey Jude» er ein rockeballade av The Beatles frå 1968. Han vart hovudsakleg skriven av Paul McCartney, men tilskriven Lennon/McCartney. Han vart spelt inn samstundes med dobbeltalbumet The Beatles (White Album), men vart i staden gjeven ut som singel. Trass i den uvanlege lengda på over sju minutt vart «Hey Jude» den mestseljande singelen til The Beatles. Det vart òg spelt inn ein kortare versjon for å tilpasse seg amerikansk radio, som vanlegvis ikkje spelte så lange songar. Songen vart den lengste som til då hadde nådd toppen av hitlistene i heimlandet, Storbritannia.[1] Singelen låg også ni veker på førsteplassen i USA og i Noreg seks veker på toppen av VG-lista.

Den opphavlege tittelen var «Hey Jules» og songen vart skriven for å trøyste son til John Lennon, Julian, då Lennon og den første kona hans Cynthia Powell vart skilde. Lennon sette sjølv stor pris på songen sidan han akkurat hadde gått inn i forhold med den framtidige kona si, Yoko Ono. McCartney sjølv hadde sjølv nettopp gjort det slutt med kjærasten Jane Asher og var såvidt komen i saman med Linda Eastman, den framtidige Linda McCartney.

2. juli 2005 vart refrenget frå «Hey Jude» framført av Paul McCartney og eit ensemble av kjende artistar som finale på hovuddelen av Live 8 i Hyde Park i London.

  1. Lowry, Todd. Lennon and McCartney Hits. Hal Leonard, 2002. s. 44 ISBN 0-534-03250-X

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy