Hjalmar Christensen | |
Hjalmar Christensen måla av Lars Jorde (1919) | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mai 1869 Førde |
Død |
29. desember 1925 (56 år) |
Yrke | skribent, litteraturkritikar, journalist, litteraturhistorikar |
Ektefelle | Iben Nielsen |
Born | Elen Christensen, Thomas Christensen |
Hjalmar Christensen på Commons |
Hjalmar Christensen (fødd 5. mai 1869 i Førde i Sunnfjord, død 29. desember 1925 på Haukeland sjukehus i Bergen) var ein norsk forfattar og kritikar. Som ung tilhøyrde han den unge forfattargenerasjonen frå 1890-talet då han skreiv ei rekke viktige litteraturhistoriske arbeid som framleis har interesse. Seinare i livet skreiv han mange kulturhistoriske arbeid, både i fag- og skjønnlitterær form.