Holmenkollbakken

Holmenkollbakken

Kart
Holmenkollbakken
59°57′50″N 10°40′04″E / 59.963888888889°N 10.667777777778°E / 59.963888888889; 10.667777777778
Holmenkollbakken i 2010.
Holmenkollen og Midtstubakkane i 2015.

Holmenkollbakken er ein hoppbakke som ligg i Holmenkollen nasjonalanlegg i Oslo. Bakken er eit landemerke i Oslo, Noregs mest besøkte turistattraksjon, og er truleg verdas mest kjende hoppbakke. Med historie att til 1892 er den også ein av verdas eldste hoppbakkar som framleis er i bruk. Etter siste ombygging har Holmenkollbakken K-punkt på 120 meter og bakkestorleik 134 meter. Den blei brukt under OL i 1952, VM i 1930, 1966, 1982 og 2011, og blir også årleg brukt i verdscupen i spesialhopp og kombinert.

Bakkerekorden er 141 meter, sett av Andreas Kofler frå Austerrike, 5. mars 2011. Anders Jacobsen hoppet 142,5 meter under NM stor bakke 8. februar 2011.

Holmenkollbakken er blitt ombygd til saman 19 gongar, siste gong før Ski-VM 2011. Sommaren 2011 får bakken plastmatter, slik at den også skal kunne bli brukt i sommarhalvåret. Dagens Holmenkollbakke er teikna av det belgisk-danske arkitektfirmaet JDS Architects, og eigd av Oslo kommune.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy