Homofili

Frå Europride-paraden i Oslo 28. juni 2014, med regnbogeflagg som symbol på homofili.

Homofili (frå gresk homo, 'same' og fili, 'elske') er preferanse for ein person av sitt eige kjønn som kjærleiksobjekt.

Omgrepet blei først nytta i ein artikkel i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen''i Tyskland i 1904, og blei sidan nytta til ein viss grad av dei tyske rørslene for homoseksuelle rettar på 1920-talet. Det var likevel først etter andre verdskrigen at omgrepet fekk eit slags gjennomslag. Det blei då nytta av dei nye homoorganisasjonane som oppstod i dei fleste vestlege landa (til dømes Det norske forbundet av 1948, danna i 1952 etter å ha vore ei avdeling av ein dansk organisasjon frå 1950). Homorørslene som oppstod på 1940- og 1950-talet blir ofte kalla for homofil-rørsler (homophile movements), og det nye omgrepet blei aktivert som ledd i ein politikk for å omdefinera fenomenet frå seksuell perversjon til noko som omhandla kjærleik.

Frå slutten av 1960-talet blei desse rørslene og den generasjonen som starta dei, kritiserte for å vera for diskrete og forsiktige, og eit ledd i dette var å mobilisera nye omgrep som gay og lesbian, på norsk «homsar» og «lesber». I den grad «homophile» hadde fått noko gjennomslag i engelsk og amerikansk, overtok «homosexual», «gay» og «lesbian» denne plassen frå slutten av 1960-talet.

«Homofili» blei første gong nytta på norsk i ein brosjyre av den norske avdelinga av det danske «Forbundet af 1948» i 1951. Noreg er eit av dei få landa der dette omgrepet framleis har stor utbreiing.

«Skeiv» er i dag ei nemning som blir brukt om dei som ikkje definerer seg som heterofile. Nemninga kan samanliknast med det engelske ordet «queer».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy