Hosebandordenen


Dronning Elizabeth II av Storbritannia saman med den amerikanske presidenten George W. Bush i 2007. Monarken ber den åttekanta bryststjerna i sølv og eit breitt, blått band med ein medaljong som viser St. Georg og draken.

Hosebandordenen (engelsk The Most Noble Order of the Garter) er ein engelsk riddarorden oppretta av kong Edvard III av England i 1344 eller 1348.[1] Ordenen omfattar den britiske monarken og tronarvingen, opptil 24 spesielt utvalde medlemmar og andre medlemmar frå den britiske og frå utanlandske kongefamiliar.

Ordenen rangerer som nummer tre av alle britiske utmerkingar, etter Victoriakrossen og Georgskrossen, og er rekna som «krona» i det britiske systemet av ærestilvisingar. Hosebandordenen er i dag den eldste nasjonale ordenen i Europa som har vore i bruk utan avbrot sidan mellomalderen.

Ordenen høyrer spesifikt til England. Tistelordenen høyrer til Skottland og St. Patricksordenen høyrer til Irland, men denne vert ikkje lenger tildelt.

  1. Skaare, Kolbjørn; Bratberg, Terje; Arntzen, Jon Gunnar (22. januar 2023). «Hosebåndsordenen». Store norske leksikon (på norsk). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy