Hydrometer

Eit hydrometer eller areometer er eit måleinstrument som blir nytta til å måle tettleiken eller spesifikk graviteten (relativ tettleik) i væsker.

Hydrometeret er vanlegvis laga av glas med eit tungt lodd nedst i ein behaldar for å flyte riktig veg. Frå denne går det eit tynt sylindrisk røyr rett oppover. Hydrometeret flyt i væsken vi vil måle tettleiken i. Det tynne sylindriske røyret er merkt for konsentrasjonar, anten med ein papirstrimmel i røyret, eller med merke på røyroverflata. Avlesinga av instrumentet skjer ved å sjå kor væskeflata kryssar det tynne sylindriske røyret med skalaen for tettleiken.

Måleintervallet er bestemt av vekta av instrumentet og volumintervallet av den nedsenka delen av instrumentet, når det tynne røyret er nesten heilt over væskeoverflata til volumet når det tynne røyret er nesten nedsenka i væska. For å måle eit større intervall med tettleiker er det vanleg å nytte fleire hydrometer med ulik vekt og dermed ulike måleintervall.

Målemetoden baserer seg på Arkimedes lov som seier at krafta av oppdrifta er lik vekta av væsken som den flytande lekamen skyv vekk. Derfor vil instrumentet flyte djupt ved låg tettleik av væska og det flyt høgt ved større tettleik av væsken. I lettare væsker som bensin og alkohol flyt hydrometeret djupt, medan i tyngre væsker som saltlake, mjølk og sterke syrer flyt hydrometeret høgt.

Nokre historikarar tillegg Hypatia av Alexandria oppfinninga av hydrometeret sjølv om det er få eller ingen prov for dette.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy