ISM-koden

Den britiske RO-RO-ferja «Herald of Free Enterprise» som på grunn av det tragiske forliset i 1987 bidrog til skipinga av ISM-koden

ISM-koden, ISM-norma, eller ISM-forskrifta[note 1] (engelsk: International Management Code for the Safe Operation of Ships and for Pollution Prevention, ISM-Code) er eit regelverk vedteke gjennom Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) som set overordna rammer for sikker drift av skip. Dei fleste fartøy med bruttotonnasje på 500 tonn eller meir må følgja ISM-koden ved å ha eit tryggleiksstyringssystem og eit gyldig tryggleiksstyringssertifikat. Statsskip (til dømes krigsskip) som ikkje er i kommersiell fart er ikkje omfatta av ISM-koden.
Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «note», men inkje samsvarande <references group="note"/>-merke vart funne


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy