I Missed Again

I Missed Again
Singel av Phil Collins
frå albumet Face Value
B-side

I'm Not Moving

Utgjeve 7. mars 1981
Innspelt Januar 1980 til januar 1981
Sjanger Poprock, jazzfusion
Lengd 3:47
Selskap Virgin (Storbritannia)
Atlantic (international)
Låtskrivar(ar) Phil Collins
Produsent Phil Collins, Hugh Padgham
Phil Collins-kronologi 
«In the Air Tonight»
(1981)
I Missed Again «If Leaving Me Is Easy»
(1981)


«I Missed Again» er ein song av Phil Collins frå albumet Face Value i 1981.

Songen handlar om sinnet og frustrasjonen Collins kjende etter det første ekteskapet hans gjekk i oppløysing, som mange andre songar på albumet. Den originale demoen hadde namnet «I Miss You, Babe» og teksten var langt tristare. Han skreiv om teksten, gav songen eit anna temp og kalla han «I Missed Again» i eit forsøk på å gjere han meir morsom enn trist, som Collins sa under Classic Albums «Making of Face Value». Demoen finst som på singelen «If Leaving Me Is Easy».

Songen var den første singelen frå Face Value i USA og nådde 19. plass på Billboard Hot 100 i mai 1981. Singelen nådde òg topp 20 i Storbritannia.

I videoen for songen ser ein Collins med ein kvit bakgrunn som syng og mimar dei forskjellige instrumenta.

Saksofonsoloen på songen vert spelt av ein av dei mest kjende jazzmusikarane i Storbritannia, Ronnie Scott.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy