Ibiza Lokalt namn Eivissa | |
---|---|
Flagget til Ibiza og Formentera | |
Geografi | |
Stad | Middelhavet |
Koordinatar | 38°59′N 1°26′E / 38.98°N 1.43°E |
Øygruppe | Balearane
|
Areal | 571,04 km²
|
Høgaste punkt | Sa Talaia (476 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Spania |
Provins | Balearane |
Største busetnad | Ibiza by (37 408 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 113 908 (2006) |
Folketettleik | 199,5 /km² |
Ibiza (katalansk Eivissa) er ei øy i Middelhavet, 79 km frå kysten av Spania. Ho er den tredje største øya i Balearane, ein autonom region i Spania. I lag med Formentera er ho ei av to øyar i Islas Pitiusas. Dei største byane på øya er Ibiza by (katalansk Vila d'Eivissa eller berre Vila), Santa Eulària des Riu og Sant Antoni de Portmany.
Øya er kjend for sommarfestane på som trekkjer til seg mange turistar kvart år. Dei spanske turiststyresmaktene har dei siste åra arbeidd for å unngå «sex og alkohol»-ryktet til øya og i staden reklamert for meir familieretta turisme.[1].