Induktans

Induktans er den eigenskapen ved ein elektrisk krins at han gjev opphav til ei elektrisk spenning i krinsen sjølv (retta mot straumretninga) og i andre elektriske krinsar i nærleiken, når den elektriske straumen i krinsen endrar seg. Dette vert kalla «sjølvinduktans», respektivt «gjensidig induktans».

SI-eininga for induktans er weber/ampere, som har fått namnet Henry, med symbolet H. Tidlegare vart denne storleiken kalla «induksjonskoeffisienten» eller berre «induksjon».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy