Infinity av Journey

Infinity
Studioalbum av Journey
Språk engelsk
Utgjeve 20. januar 1978
Innspelt Oktober til desember 1977
Studio His Master's Wheels Studio i San Francisco og Cherokee Studios i Los Angeles i California
Sjanger Rock, hardrock
Lengd 36:28
Selskap Columbia
Produsent Roy Thomas Baker
Journey-kronologi 
Next
(1977)
Infinity Evolution
(1979)


Singlar frå Infinity
  1. «Wheel in the Sky»
    Utgjeve: April 1978
  2. «Anytime»
    Utgjeve: Juni 1978
  3. «Lights/Somethin' to Hide»
    Utgjeve: August 1978
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Infinity er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i januar 1978 på Columbia Records. Det var det første albumet deira med vokalisten Steve Perry og det siste med trommeslagaren Aynsley Dunbar.

Journey ønskte seg ein sterkare solovokalist og henta først inn Robert Fleischman, som dei spelte inn eit par songar med, mellom andre «For You», som kom ut på Time3. Fleischman vart etter kort tid erstatta av Steve Perry, på grunn av musikalske usemjer. Fleischman vart seinare kjend som den første songaren til glam metal-bandet Vinnie Vincent Invasion.

Perry song duett med klaverspelaren Gregg Rolie på «Feeling That Way», som syng solovokal på «Anytime».

«Patiently» var den første songen Perry og Neal Schon skreiv i lag. Perry skreiv teksten, der han uttrykker det triste med å vere på turné og heimefrå. Schon skreiv musikken for songen. Andre populære singlar er «Lights» og «Wheel in the Sky». Sistnemnde vart skriven i lag med den dåverande frontmannen Fleischman.

Manageren til Journey, Herbie Herbert, henta den engelske produsenten Roy Thomas Baker til å produsere Infinity. Baker brukte ein lagvis lyd, slik han han gjorde med Queen, og som ein kan høyre på spor som «Winds of March» (med hjelp frå lydteknikaren Geoff Workman). I tillegg vart metoden til Baker, med å bruke fleire lagdelte harmoniar, som han brukte på mange album han produserte, eit av varemerka til Journey.

Med Perry av bandet fekk dei ein meir radiovenleg stil, og Journey oppnådde den høgaste listeplasseringa si til då med ein 21. plass på Billboard-lista i USA.

  1. Franck, John. «Journey Infinity review». AllMusic. All Media Network. Henta 26. mai 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy