Insekt

Insekt
Fluge sett frå undersida
Fluge sett frå undersida
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Linnaeus, 1758

Insekt (frå latin in secta, 'i delar', etter kroppssegmenteringa deira) er ei gruppe seksfota leddyr som er utbreidd over heile verda. Det er skildra godt over ein million ulike artar, 15 000 av dei er registrerte i Noreg. Talet på skildra artar aukar med om lag 3500 i året, og ein reknar med at det reelle artstalet ligg mellom tre og hundre millionar artar.

Ein finn insekt dei fleste stader på land og i ferskvatn, kor dei spelar særs viktige roller økologisk. Dei er både viktige predatorar på andre virvellause dyr og viktige matorganismar for større dyr. Mange blomsterplantar er dessutan avhengige av insektpollinatorar for å kunna øksla seg.

Insekt er òg dei dyra som skapar flest problem for menneske. Kvart år vert ein tredel av avlingane i verda øydelagd av insekt av eit eller anna slag.[1] Mange sjukdomar vert òg spreidde via insekt, mellom anna malaria.

Sidan insekta er så enormt mangfaldige, talrike og økologisk viktige, er studiet av dei rekna som eit eige fag, entomologien.

  1. Brusca & Brusca: Invertebrates, side 593

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy