Internet Explorer

Internet Explorer (IE) var ein nettlesar utvikla av Microsoft Corporation. Han vart seld som ein del av operativsystemet Windows. IE vart levert som ein integrert del av Windows, noko som førte til rettslege tvistar om konkurransevriding. IE er i dag utdatert, men på grunn av at han er installert på eldre versjonar av Windows har han framleis rundt 2,15 % av marknaden (2023).[1]

Internet Explorer er bygd på Spyglass, Inc. sin Mosaic-nettlesar som Microsoft lisensierte i 1995 for å konkurrere med Netscape i det som blei kalla «the browser wars». Avtalen var at Spyglass skulle få ein fast sum fire gonger i året i tillegg til ein avtalt prosent av Microsofts inntekter på nettlesaren. Sidan Microsoft gav ut nettlesaren gratis slapp dei med å betale minimumsbeløpet. Ein tvist i rettssalen mellom Spyglass og Microsoft i 1997 enda med eit forlik på 8 millionar US-dolllar til Spyglass.[2]

Internet Explorer har nynorsk grensesnitt frå og med versjon 7. Språkpakka kan lastast ned gratis frå Microsoft for dei som har ekte windowslisensar.

  1. «Global Desktop Browser Market Share for 2023». Kinsta. Henta 16. april 2023. 
  2. Microsoft and Spyglass kiss and make up, arkivert frå originalen 15. oktober 2008, henta 14. august 2005 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy