Ion

For mannsnamnet Ion sjå Jon
Framstilling av oksonium (H3O+), eit postivt lada ion.

Eit ion er eit atom eller molekyl som har elektrisk ladning. Dersom eit atom mistar eller tek til seg elektron, blir det ionisert – altså at det i staden for å vere elektrisk nøytralt, har det fått ein elektrisk ladning som tiltrekk eller fråstøyter andre ion. Ion med motsette ladningar tiltrekk kvarandre og kan danna ionebindingar.

Ei samling ion som ikkje er i løysing, eller ein gass med eit visst tal ladde partiklar, blir kalla plasma. Dette blir sett på som den fjerde aggregattilstanden fordi han oppfører seg svært ulikt frå andre gassar, væsker eller faste stoff.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy